≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Høgare utdanning, Eksamen

Armbandsur blir forbode på eksamen

– Vil bli rekna som juks.

Runar Bjørkvik Mæland
fredag 31. mars 2017 12.51

Armbandsur blir forbode på eksamen Både slike smartklokker og tradisjonelle armbandsur blir no forbode ved eksamen på

Går du med armbandsur, må du frå no av ta det av deg før du går opp til eksamen ved Universitetet i Oslo (UiO). Universitetet melder i dag at klokkene er forbodne ved eksamen frå og med 18. april, og må heretter leggjast i sekken saman med mobiltelefonen og andre elektroniske dingsar.

Grunnen er alle dei nye smartklokkene som har kome på marknaden. Slike klokker kan til dømes ha kalkulator og internettilgang, men er ikkje mogleg å skilja frå tradisjonelle armbandsur, meiner UiO. Difor blir alle klokker råka av forbodet.

Om nokon blir tatt med ei klokke rundt armen på eksamen, vil dette bli rekna som eit forsøk på fusk på line med andre ulovlege hjelpemiddel.

I fjor melde NRK at bruk av smartklokke var forbode både ved Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen og delar av Universitetet i Agder. UiO går altså eitt steg lenger og forbyr alle klokker.

LES OGSÅ: Student? Her er rettane dine på eksamen!


Oppdatert: fredag 31. mars 2017 17.52
Kommentarar



 
ANNONSE: