Arbeid som skule

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette gir meg ei enklare utdanning. Alternativet hadde vore låge karakterar og høgt fråvær på skulen, seier Eirik Brune frå Ørsta.

I haust er Brune i gang med sitt andre praksisår hos Bjørdal Industrier i Hovdebygda. Han møter presis kvar dag.

– Det er noko heilt anna å møte opp på ein arbeidsplass enn på ein skule, meiner han.

LES OGSÅ: Høgre og Piratpartiet vann skulevalet

Positive erfaringar
Brune var nemleg svært skulelei, og slett ikkje motivert for å gå vidaregåande, men i fjor vart Ørsta vidaregåande, som den einaste skulen i Møre og Romsdal, med på ei ordning som gir elevar sjansen til å ta praksisbrev. Det inneber fire dagar i arbeidspraksis og ein dag på skule i veka.

Ansvarleg for faget, Atle Svellingen fortel at tilbakemeldingane har vore svært gode.

– Elevane er pliktoppfyllande, dei trivst på jobb og dei møter opp kvar dag.

Tiltaket er eit ledd i å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande. Fråfallet er særleg stort blant dei som vel yrkesfag. Statistikk viser at nesten ein tredjedel av elevane som byrjar i vidaregåande skule ikkje har oppnådd godkjent vitnemål i alle fag etter fem år.

I fjor var dei fem elevar som starta på det nye tilbodet i Ørsta. Dei er no i gang med sitt andre praksisår i Bjørdal Industrier, hos Inge Kolås, Vinjevoll Rør, Scana Volda og ved hovudkjøkkenet på sjukehuset i Volda. I år starta sju nye, og tilsaman er dei altså 12 som har valt denne forma for utdanning.

– Vi ser at det er eit behov for denne typen utdanning, og vi likte sjølve tanken på at elevar kan få prøve noko anna enn å sitte fem dagar på skulen. Ikkje alle føler at den ordinære skulen passar for dei, seier Svellingen.

LES OGSÅ: Til veggs om skulen

Suksesshistorie
Stortingskandidat Ingrid Opedal (SV) kallar det ei suksesshistorie og ei suksessoppskrift for å få fleire til å fullføre vidaregåande utdanning. Ho er også nestleiar i utdanningsutvalet i fylket, og tysdag var ho på besøk hos Bjørdal Industrier for å høyre korleis ordninga har fungert for dei. Inntrykket er positivt.

– Vi ønskjer å gjere det lettare å veksle mellom skule og praksis gjennom heile opplæringa. Målet er å få praksis og teori til å henge betre saman gjennom yrkesopplæringa, og få fleire til å fullføre og ta fagbrev, fortel Opedal.

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut

Vil fullføre
Etter to år hos Bjørdal Industrier kan Eirik Brune få praksisbrev. Han får då tittelen kandidat i sveisefag. Det er eit nivå under fagbrev, men gir dokumentert yrkeskompetanse som kan gi ein fot inn i arbeidslivet. Brune ønskjer å gå heile vegen.

– Det er industriarbeidar eg vil verte, og eg vil fullføre utdanninga. Etter at eg har tatt praksisbrev er eg klar for læretida. Eg vil ta fagbrev. Eg vil ikkje ha noko halvgjort, seier han.

Svellingen håper dei får halde fram med praksisbrevordninga.

– Det er ei prøveordning som vi håper vert permanent, fordi vi ser at dette fungerer veldig godt.

Les saka i Møre-Nytt!