Andrea Maud skal jakta på Lofot-torsken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal jakta på Lofot-torsken

Først publisert i Sunnhordland.

Stord-jenta går på Austevoll vidaregåande skule, første året på linja for naturbruk, som er eit utdanningsprogram innan primærnæringane. Neste år håpar ho å gå vidare på fiske og fangst. Deretter ser ho føre seg læretid og skipperutdanning.

– Fiske har alltid interessert meg. Eg har vore med å fiska i småbåt sidan eg var to år gammal, fortel Mjønes som er oppvaksen på Vikanes.

Skulebåt

Austevoll vidaregåande skule har sin eige opplæringsfartøy «Stø kurs» som har ein kvote på 56 tonn torsk.

– Me er to klassar. Den eine klassen er der oppe no og fiskar, men dei har fått trøbbel, og har ikkje fått så mykje, seier Mjønes.

Søndag set ho og klassekameratane seg på flyet for å mønstra på båten i Balstad i Lofoten. Andrea fortel at dei blir verande i Lofoten fram til dei har fiska opp kvoten.

Sjøsterk

16-åringen har ikkje vore med på fiske frå eit større fartøy tidlegare.

– Eg gler meg til å få oppleva vêret og naturen, og til å få nye erfaringar, seier Andrea Maud Mjønes.

– Du er ikkje redd for å bli sjøsjuk?

– Nei, eg toler ganske mykje, seier 16-åringen.

Sjølv om det er fleire jenter i klassen til Andrea, er det berre ho som har skal vera med på Lofot-fiske. Elles er det åtte gutar frå skulen og ein lærar på båten.

– Eg veit ikkje heilt korleis det blir å vera einaste jente. Kunne godt ha vore fleire, seier 16-åringen.

Tal frå Fiskeridirektoratet viser at det i fjor i fiskermantallet var registrert 9.138 fiskarar som har fiske som hovudyrke i landet. Av desse var det 273 kvinner. Både Hordaland og Rogaland har 11 kvinnelege fiskarar.

I fjor var det for første gang på 20 år ein auke i talet på fiskarar i Norge. 40 prosent av dei nye fiskarane er under 30 år, viser tal frå Fiskeridirektoratet. I Hordaland og Rogaland auka talet på fiskarar med til saman 97 i fjor.