Amalie (11) har vore sjuk halve livet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amalie har vore sjuk halve livet

– Det skal bli utruleg deilig å vera ferdig med behandlinga, seier mamma Lillian Nesse og får eit varmt smil frå den tapre 11-årin-gen sin. Heile familien er naturleg nok prega av dei utfordrande åra der Amalie har vore gjennom knalltøff behandling. Med tilbakefall etter første runden, veit dei at faren ligg der.

– Faren for tilbakefall er større når ho alt har hatt eit, men vi satsar på at no er det nok, seier mamma. Dei har fått beskjed om at det ser veldig bra ut. Blodverdiane indikerer ikkje at noko er gale.

LES OGSÅ: Sissel levde på suppe i 20 år

No er det berre å feira at endå to og eit halvt år med behandling er over. 6. mai vil resultata av beinmargsprøven fortelja om Amalie er frisk.

– Eg gler meg veldig til å vera ferdig, og til å feira med familie og nokre av venene mine, seier Amalie.

Rask reaksjon

Det var på vinteren i 2008 at Amalie vart sjuk. Ho hadde lett for å få infeksjonar, og på etterkontroll av ein stygg ørebetennelse, oppdaga legen store blåmerke på kroppen hennar. Det vart tatt blodprøve, og same kvelden ringde de ifrå legevakta. Dagen etter vart ho innlagt på Haukeland, der det vart tatt beinmargsprøve.

– Kreften vart såleis oppdaga før ho blei veldig sjuk, seier mamma. Likevel, Amalie sine blodverdiar var veldig dårleg, og det vart straks sett i gang behandling. Ho fekk diagnosen Akutt lymfatisk leukemi (ALL).

Knalltøff behandling

No følgde 6 intensive månadar med beinmargsprøver – som oftast i narkose, og to og eit halvt år med intensiv behandling medmykje kvalme og ubehag. Amalie måtte sjå alt håret, augebryn og vipper fall av, det var ekkelt og kaldt. Og ho vart veldig opphoven i ansiktet og kroppen på grunn av store doser med sterioder i tillegg til cellegift.

– Det mest kjedelege med å vera sjuk var at eg ikkje fekk lov å leika med venene mine. Men av og til orka eg ikkje heller, seier Amalie og viser oss to kraftige fletter som vart klypt av og tatt vare på.

LES OGSÅ: Magne kan ikkje røra på anna enn augene

Ho fortel at ho vart veldig kvalm av cellegifta, men ikkje av strålinga.

– Då lukta det berre svidd, og eg såg eit lys som ingen andre såg, seier ho.

Aller mest lei var ho av rommet der ho i periodar var isolert, og av stativet med pumpa som gav ho medisin.

Frisk, men ikkje friskmeld Etter to og eit halvt år med tøff behandling, vart Amalie erklært frisk, men ikkje friskmeldt. Ho må vera kreftfri i 3 år, for å få den meldinga.

– Immunforsvaret hennar er dårleg, og faren for infeksjonar gjer at vi må begrensa skulegangen. Ei lita forkjøling kan vera farleg. I fjor gjekk det vannkopper i klassen, og då mista ho veldig mykje, seier mamma.

LES OGSÅ: – Det blir kjekt å få vera eit medmenneske

Men 5. klassingen er smart og tar skulearbeidet lett, sjølv om ho slit med konsentrasjon, minne og syn. Ho har fått undervisning heime og frå lærar på Haukeland. – Ifølge skulen klarar ho seg veldig bra. Ho treng litt ekstrahjelp, men er flink å jobba sjølv, seier mamma.

– Det er nesten verre med den sosiale biten ho går glipp av, seier mamma.

– Korleis er det å koma tilbake til klassen?

– Heilt vanleg, det er nett som om eg er der heile tida, seier Amalie som gjerne kunne tenkt seg mykje meir tid i lag med bestevenen Isak og dei andre i 5. klassen på Leiknes skule.

Les heile saka i Nordhordland!