Aktivistar kuppa Dagbladet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då me plasserte framsidene i avisstativa i dag tidlig, løfta forbipasserande knapt eit augebryn. Folk er så vane med å sjå dette at det ikkje ein gong vekkjer reaksjonar, seier Anne Stø i Kvinnegruppa Ottar til Osloby.

Ottar har valt å kalle aksjonen Stopp pornokulturen.

LES OGSÅ: Her er den verste reklamen i 2013

Påske-penisen
Aksjonistane i Oslo, Bergen og Stavanger bytte ut Dagbladet, med Dagplaget. Der kan ein lese titlar som: «Kjendis hadde kropp under klærne», «Slik får du påske-penisen» og «1 av 10 kvinner utsatt for voldtekt».

Alle sakene er illustrert med bilete som Dagbladet har nytta til å illustrere sine saker på nett og papir. Med det ynskjer aksjonistane å setje fokus på avisenes framsider og Dagbladet er ikkje tilfeldig valt ut.

– Dagbladet er verstingen i heile medie-Norge. Dei er grenselause både på nett og med biletbruken på framsidene sine, seier Stø, som informerer om at dei òg har meldt riksavisa inn for Pressens faglige utval (PFU).

LES OGSÅ: Den farlege kvardagskroppen

Sak for miljøetaten
Katarina Storalm, sekretær i aksjonsgruppa, seier til Osloby at ho vonar aksjonen vert ein vekkjar.

– I avisa nyttast ofte bilete av kvinnas kropp for å selja aviser, ikkje fordi dei er relevante, meiner ho.

Aksjonistane var òg utanfor Dagbladet sine kontor og hengte opp plakatar utfor inngangspartiet, men har ikkje fått nokre reaksjonar frå avisa.

Nyheitsredaktør Frode Hansen skreiv i ein sms til Osloby at dei har registrert aksjonen.

– Det verkar som ei ytring, og det står ein sjølvsagt fritt til. I den grad aksjonen inneberer forsøpling av byen er det ei sak for miljøetaten og eventuelle andre myndigheitsorgan, og som dei eventuelt får handsame, skriv Hansen vidare.

Nyheitsredaktøren vil ikkje kommentere påstandane om at Dagbladet nyttar bilete av kvinnekroppar berre for å selje aviser.

LES OGSÅ: Unge må leva opp til glansbilde