32 millionar til forsking på ADHD og autisme

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Universitetet i Bergen (UiB) i ei pressemelding. MiND er eit tverrfagleg forskingsprosjekt som får støtte gjennom Horizon2020, eller H2020.

H2020 er EU sitt åttande rammeprosjekt, altså forskingsprogram som skal støtta og oppmoda om forsking i Europa.

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn

Første til UiB
Det er første gong UiB får midlar i dette programmet, som skal bidra til utdanning av forskarar – meir spesifikt innan forsking på ADHD og autisme, felt der det er behov for meir forsking.

Behandling av ADHD blir gjort i stor grad med dei same medisinane som for 50 år sidan, står det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Stappfullt på UiB

Søkte først i 2012
Det var ingen sjølvfølge at UiB skulle få midlar frå H2020, seier Jan Haavik ved Institutt for biomedisin. Søknaden til prosjektet vart først sendt inn i 2012.

– Det har vore ein omfattande søknadsprosess og eit trongt nålauge, seier Haavik i pressmeldinga.

UiB håpar å få starta opp med arbeidet våren 2015

LES OGSÅ: Treningslysta kan styrast