≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, språk

28 nye kommunar blir språkkommunar

NPK
onsdag 19. april 2017 13.37

28 nye kommunar blir språkkommunar Kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen meiner språk er viktig. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Utdanningsdirektoratet har plukka ut 28 nye kommunar som no får status som språkkommunar med styrkt satsing på språk i barnehagar og skular – åtte av dei i Sogn og Fjordane, fire i Hordaland.

Dermed har Sogn og Fjordane til saman 12 av dei i alt 55 språkkommunane som no inngår i den nasjonale språkstrategien "Språkløyper" for perioden 2016–2019.

Dei første 27 språkkommunane kom i gang i fjor med den meir systematiske satsinga på språkopplæring heile vegen frå barnehage til vidaregåande skule. I språkkommunane skal det leggjast særleg vekt på tidleg innsats.

– Språk er viktig for leik, vennskap og læring i barnehagen, og det er avgjerande for den faglege og sosiale utviklinga på skulen. Derfor er det flott at så mange barnehagelærarar og lærarar engasjerer seg i kommunane. Det gir mange spennande satsingar over heile landet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

I år har regjeringa sett av om lag 30 millionar kroner til tilskot til ordninga. Tilskota skal gå til lokale fagnettverk der lærarar og barnehagelærarar skal kunne samarbeide om utvikling av nye måtar å jobbe lokalt med språk, lesing og skriving i barnehagane og skulane.

Kommunane får òg tilskot til delvis frikjøp av ressurslærarar, og dei får fagleg hjelp frå Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking i Trondheim.

I alt 38 kommunar hadde i denne omgangen søkt om å få status som språkkommune.

Språkkommunane

Tidlegare utvalde språkkommunar i parentes.

* Finnmark: Kvalsund, Båtsfjord (Deanu gielda/Tana, Unjarga gielda/Nesseby, Hammerfest)

* Troms: Harstad (Bardu, Dyrøy, Lavangen, Salangen og Målselv)

* Nordland: Herøy, Alstahaug, Brønnøysund

* Nord-Trøndelag: Frosta (Nærøy)

* Sør-Trøndelag: Ørland (Trondheim, Malvik)

* Buskerud: (Hurum, Drammen)

* Oppland: Nordre Land, Sør-Aurdal

* Telemark: Kviteseid (Telemark fylkeskommune)

* Vestfold: Svelvik (Holmestrand og Vestfold fylkeskommune)

* Møre og Romsdal: Midsund (Kristiansund, Sykkylven)

* Sogn og Fjordane: Luster, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal, Stryn (Fjaler, Gulen, Hyllestad, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

* Hordaland: Stord, Fjell, Lindås, Bømlo (Sveio)

* Rogaland: Strand

* Aust-Agder: Kvinesdal

* Vest-Agder: (Audnedal og Hægebostad)

* Østfold: Råde

* Oslo: (Oslo)

(©NPK)


Oppdatert: torsdag 20. april 2017 10.27
Kommentarar



 
ANNONSE: