≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Forsking, gründer, studentbedrift

22 studentgündarar får éin million kroner kvar

Forskningsrådet gir masterstudentar støtte til forretningsidear.

Åsmund H. Eikenes
fredag 19. mai 2017 08.52

22 studentgündarar får éin million kroner kvar Studentane Tomas Roaldsnes (venstre), Marte Rosenvinge, Eirik Dragsund Sverd og Maria Steen ved Høgskulen på Vestlandet ser fram til å vidareutvikle ideane sine. Foto: Hedvig Myklebust/HVL

– Studentane representerer ei stor innovasjonskraft – både gjennom ideane sine, stå-på-viljen og gjennom utradisjonelle nettverk og koblingar, seier divisjonsdirektør for innovasjon i Forskingsrådet, Anne Kjersti Fahlvik i ei pressemelding i høve tildelinga.

Denne veka delte Forskingsrådet ut midlar gjennom ordninga STUD-ENT. Målet er å bidra til at gode idear frå utdannings og forskingsinstitusjonar vert til nye produkt, tenester og arbeidsplassar.

Studentar som nyleg har avlagt mastergrad kan få inntil éin million kroner. Beløpet skal nyttast til å arbeide på fulltid, gjerne fleire studentar saman, til å vidareutvikle ideen. Utdanningsinstitusjonane stiller med mentor og bistår i tillegg med testfasilitetar, forskingsstøtte, arbeidsplass og hjelp til ulike aktivitetar i prosjektperioden, opplyser Forskingsrådet.

Teater og sminkespegel
To av prosjekta som får støtte er «TIU-kompani – teater i undervisninga» og «Amiroh – Smart Makeup Mirror», leia av studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Marte Rosenvinge, Trine Ask og Ingelin Mjåseth Hilland skal utvikle interaktive teateropplevingar i undervisninga for barn og unge.

– Vi planlegg å starte eit teaterkompani som kan reise rundt og undervise elevar og tilsette i skular, barnehagar, konfirmasjonsundervisning eller andre som diskuterer etiske problemstillingar med barn og unge, seier Rosenvinge til HVL.

Bak det andre prosjektet står Eirik Dragsund Sverd, Tomas Roaldsnes og Maria Steen.

– Vi lagar ein smart sminkespegel med touchskjerm bak kor ein kan sjå video eller anna innhald. I tillegg har spegelen lys som kan tilpassast etter ulike forhold. Då kan du sminke deg og sjå korleis du ser ut i for eksempel dagslys eller nattklubblys, forklarar Sverd til HVL.

Reiserekningar
Ei gruppe studentar i informasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen har også fått entreprenørmidlar frå Forskingsrådet, og skal vidareutvikle det automatiserte systemet for reiserekningar kalla Travelogue, opplyser UiB på sine nettsider.

LES OGSÅ: Håkon og Kristoffer får «verdas beste sommarjobb»


Kristoffer Aas (23) og Håkon Vikøren (24) skal tilbringe sommaren i Sogn og Fjordane. Foto frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.


Oppdatert: fredag 19. mai 2017 10.56
Kommentarar



Faktaboks

Her er lista over tildelingar i STUD-ENT:

SignLab – Global plattform for tegnspråkopplæring (NTNU)

Travelogue  – Reise og utlegg (Universitetet i Bergen)

RespirAnalytics – Gjenkjenning av unormale lungelyder (Universitetet i Tromsø)

TIU-kompani – Teater i undervisning (Høgskulen på Vestlandet)

MovieMask – Din portable kino (NTNU)

Siserone – Appverktøy for digitale kulturstiar (Universitetet i Oslo)

Oslo Unbranded  Eit berekraftig og verdiskapande kleskonsept (Høgskolen i Oslo og Akershus)

Tidewave – Smart vendemadrass til helsesektoren for automatisk og regelmessig bevegelse av brukarar med redusert mobilitet (Universitetet i Stavanger)

Gauss Sense – Ein moderne trafikksensor (NMBU)

Astronautjobs – "Airbnb" for rekruttering: anbefal vener til inspirerande jobbar og tjen penger på det (NTNU)

Ariaa – Utviklar en svevestøvsensor for heimen (NMBU)

MYPSY – Ein digital plattform som koplar psykologar med brukarar (NTNU)

Glimty  Eit intelligent kundestøttesystem som leverer samtaleopplevingar for kjøp av gåver (Universitetet i Oslo)

CresCat – Produksjonsplattformen for kultur og konferansearrangement (NHH)

The Law Tech Factory (Universitetet i Oslo)

Hark Technologies – Utviklar "EcoControl": eit automatisk straumstyringssystem (NTNU)

Independence Gear – Utviklar hjelpemiddel for å sjølvstendiggjere mennesker i kvardagen, slik som ryggmargsskadde og andre rørslehemma (NTNU)

ALVA Industries  Produksjon av elektriske motorar med lav vekt og høg effektivitet for transportindustrien (NTNU)

Sci-Code – Stimulerende utdanning og optimalisering av læring (Universitetet i Agder)

Versor – Automatisering av innandørs industrielle droneinspeksjonar (NTNU)

TherRec – Utvikling av et system for drivstoffbesparing ved varmeattvinning (NMBU)

Amiroh – Smart Makeup Mirror (Høgskulen på Vestlandet)

 
ANNONSE: