2,4 millionar fleire flyreiser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå er det utanlandstrafikken som dominerer veksten. I 2013 auka passasjertalet til utlandet med nesten 10 prosent til 21,8 millionar frå 19,9 millionar året før.

Flygingane innanlands auka med nesten to prosent til 16,1 millionar passasjerar. Dei aller fleste flaug mellom Oslo og Trondheim. Denne strekninga kan vise til ei kraftig auke på heile 55.000 passasjerar til 1,8 millionar reisande. Like bak finn vi flystrekninga Oslo-Bergen med 1,7 millionar passasjerar. Her gjekk talet svakt ned, det var 7.000 færre passasjerar enn i 2012.

Talet på flyrørsler og tilgjengelege sete var nesten uendra frå 2012, og enda på 17.400 flyrørsler og 2,8 millionar sete. (©NPK)