Sosiale medium: Eigarane er største faren for desinformasjon

Eigarar av sosiale medium utgjer den største trugselen mot tilliten til informasjon på nett, viser ein ny rapport. Politikarar og styresmakter kjem hakk i hel.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Desinformasjon på nett er ein global og eksistensiell trugsel, meiner Det internasjonale panelet for informasjonsmiljøet (IPIE).

Elon Musk, Mark Zuckerberg og TikTok-eigar Shou Zi Chew har enorm makt over kva informasjon som spreier seg til milliardar av brukarar i sosiale medium.

Og det er nettopp eigarane av sosiale medium IPIE peikar på som dei største trugslane som kan bidra til desinformasjon på nett.

Philip Howard, ein av grunnleggarane av IPIE, seier til The Guardian at den kontrollen SoMe-eigarane har over plattformene sine, over korleis innhald vert distribuert og moderert, påverkar kvaliteten og integriteten til informasjonen betydeleg.

– Den uregulerte makta desse har, utgjer ein stor risiko for helsa til det globale informasjonsmiljøet vårt, seier Howard til The Guardian.

Rapporten peikar på at auken av smarttelefonar, sosiale medium og KI-driven teknologi har forandra korleis folk lagar, konsumerer og utvekslar informasjon.

«Politikarar har ytra bekymring for tryggleiken i nettbaserte interaksjonar, sensur, forutinntekne algoritmar og ulikskapen i tilgang på digital teknologi», held IPIE fram.

 

IPIE

The International Panel on the Information Environment (IPIE) er ei ekspertgruppe som jobbar med å skaffe vitskapleg kunnskap om informasjonslandskapet. Arbeidet er modellert etter FN sitt klimapanel.

Til den omtala rapporten har IPIE spurt 412 forskarar innanfor samfunnsvitskap, humaniora og datavitskap. Hovudtyngda av forskarane kjem frå USA og Vest-Europa, men også andre land, som Kina, India, Nigeria og Brasil, er representerte.

Kjelder: IPIE, The Guardian

Nemner Musk og Zuckerberg

Rapporten nemner ingen sosiale medium eller eigarar med namn, men Philip Howard utdjupar overfor The Guardian.

Han viser til at Elon Musk, eigar av X (tidlegare Twitter) har styrt plattforma på ein måte som vekker bekymring, mellom anna ved å sterkt promotere sine eigne innlegg. Ein varslar i Meta har trekt fram at innhald på andre språk enn engelsk vert nedprioritert av moderatorane til Facebook og Instagram. Og fleire har vore bekymra for at TikTok kan hamne under press frå kinesiske styresmakter.

Eitt av dei kontroversielle grepa Musk har gjort på X er å opne for at folk kan kjøpe seg eit blått hake-teikn, eit symbol som elles vanlegvis tyder at du er ein verifisert brukar. Dermed er det vorte vanskelegare å skilje mellom legitime brukarar, parodi-kontoar, nettroll og russiske robotar på plattforma.

Undersøkinga er gjort blant forskarar innanfor samfunnsvitskap, humaniora og datavitskap.

I tillegg til sosiale medium, trekker respondentane fram styresmakter og politikarar, i både eigne og andre land, som trugslar mot påliteleg informasjon.

Skjermbilete: IPIE

Kunstig intelligens gir både bekymring og håp

Rapporten trekker fram den veksande rolla KI har i måten vi brukar internett på og formidlar informasjon.

63 prosent av respondentane meiner at KI-genererte bilete og tekst har hatt ein negativ påverknad på informasjon på internett. Dei er bekymra for at KI opprettheld fordommar og skeivskap, forsterkar trakassering og forstørrar problemet med desinformasjon.

Samstundes er fleirtalet håpefulle om at KI kan bidra til å styrke journalistikk og påliteleg informasjon i framtida, og gjere det lettare å kommunisere på tvers av kulturar, plattformer og disiplinar.

Mangfald og tilgjengelegheit

Respondentane i studien er i stor grad samrøysta om kva som er det viktigaste for å ha eit sunt informasjonsmiljø: nemleg tilgang på påliteleg informasjon.

Dei trekker også fram at det er viktig med eit mangfald av røyster og medieorganisasjonar og -eigarar. Eit stort fleirtal meiner det er viktig å støtte frie og uavhengige medium.

Studien viser òg at fråværet av falsk eller villeiande informasjon og hatefullt innhald er viktig.

Skjermbilete: IPIE